Tips til trening fra fjorårsvinner Eli Anne Dvergsdal
mandag 15. august 2016 20:16

Eli Anne Dvergsdal kan vise til imponerende tider som 10:14 (2014) og 9:53 (2015) i Stoltzekleiven Opp. Her deler hun sine tips til treningsøkter for å spisse formen til årets løp, samt til bekledning på selve dagen. 

 images/2016/eliannedvergsdal.jpg images/2016/lplabbet.jpg

September og Stoltzekleiven opp begynner å nærme seg. Tida er inne for å gjere dei siste forberedelsar.

Trening

Hald oppe løpetreninga, og gjer den spesifikk ved å legge nokre økter til konkurranseløypa. Det kan vere lurt å kjenne løypa godt, slik at ein disponerer kreftene best mulig. Løypa er relativt kort, faktisk under ein km lang, men den er bratt og brutal. Derfor er det viktig å ikkje bruke opp alle kreftene i starten. Dei spesifikke Stoltzenøktene kan variere mellom intervall i løypa, der ein har pausar undervegs, eller som kontinuerlig hurtig tur gjennom konkurranseløypa.

 

images/2016/stoltzekleiven1.jpg

 

Eksempel på intervalløkt: Varm opp med lett aktivitet i ca 15minutt. Gjennomfør deretter intervallar i løypa med 1 minutt høgintensivt oppover og 30 sekund pause. Repeter til du når toppen. Jogg deretter rolig ned igjen.

Traseen består av forskjellig underlag, derav stein, sti og tretrapper, og ein kan med fordel sjekke at konkurranseskoa fungerer godt i alle parti. Når ein passerer tre-trappene er det ikkje langt igjen til mål. Då kan ein virkelig gå i kjellaren. Som regel får ein god hjelp frå publikum til å ta ut det siste av krefter derifrå. Kjenner ein løypa og eigen form godt, er det lettare å vite kva tempo ein skal prøve å halde i dei ulike partia.

images/2016/stoltzekleiven2.jpg 

 

Konkurransetøy

Flesteparten er i mål 10-30minutt etter start, og konkurransen varer altså ikkje så veldig lenge. Det er greit å tenke på når ein skal velge konkurransetøy. Ein treng ikkje ha på seg veldig mykje under sjølve løpet, sidan intensiteten er høg, og ein har mulighet for å få sendt tørre kle til toppen. Løpet går i slutten av september, og været kan variere. Kva tøy ein velger på konkurransedagen, må vurderast ut ifrå vær og temperatur den dagen. I tillegg kjem det an på kor lang tid du ser for deg å bruke. Rekordjegerane vil gjerne velge å ha minst og lettast mulig tøy.  For denne gruppa anbefalast korte tekniske løpesokkar eller CEP kompresjonsstrømper, teknisk undertøy, ein kort og lett shorts, singlet eller t-skjorte, og for kvinnene også ein støttande sports-bh. Dersom du planlegg å gjennomføre i eit roligare tempo, eller når det er veldig kaldt ute, anbefalast det å kle på litt meir. Suppler då med superundertøy, hanskar, panneband og lang tights eller teknisk bukse. Hos Løplabbet kan du få gode tips til kva som er lurt å kle seg i, både i trening og på konkurransedagen.

 

Forslag til konkurransetøy for Stoltzen-menn:


Forslag til konkurransetøy for Stoltzen- kvinner:



Lykke til! ☺

images/2016/stoltzekleiven3.jpg 

 

 

 

StoltzeBilder

Stoltzekleiven Opp 2024

Neste arrangement går fredag 27.9 og lørdag 28.9.2024

 

Mest lest

Samarbeidspartnere

StoltzeLauget

 

  

 
lplabbet logo_190px
 
  
 
 
abb-188
 
 
  
 

 

Arenareklame

 
 

 

tannlege-rogne

 

 

ForsyningsLauget

forsynings sponsorer_010614

 

 

 AfterStoltz 

 

 

Vi er alltid på jakt etter nye samarbeidspartnere. Ta kontakt med oss på e-post StoltzeSponsor@gmail.com eller på telefon: Carl Eilert Macody Lund (924 45 531) - Owen Westergård (906 15 850)